Sommaren er forbi…

//Sommaren er forbi…

Sommaren er forbi…

Bolaks har tradisjon for å ha mange sommarvikarar. Det har vi hatt i år også.

Et sommervikariat i Bolaks gir kjennskap til en spennande næring og en får delta i mange og varierte oppgåver.

I år var yngste sommarhjelp 14 år, og eldste over 40, og erfaringa vår seier at mange av sommarvikarane kjem tilbake som sommarvikarar til neste år også. Sommarvikarane sine arbeidsoppgåver blir tilpassa alder og erfaring.

Bjørn Wigestrand er 14 år og har sommarjobb på Bolaks for første gang. På spørsmål om korleis det har vært å arbeide hos Bolaks i sommar svarer Martin at det har vore kjempe kjekt å hatt sommarjobb i Bolaks. «-Eg har fått lært mykje nytt og fått møtt nye folk. Nokre av det kjekkaste oppgåvene eg har vore med på var å spleisa tampar og bytta leppefiskskjul.» Når me spør han kva planar han har vidare svarar han: -Eg har ikkje bestemt meg for kva vei innan utdanning eg vil velge ennå. Men eg har tenkt på  byggfag eller noko innan fisk og havbruk.

Martin Nortveit Lygre er 16 år og har hatt sommarjobb i Bolaks også tidligare år. Han var og utplassert hos Bolaks i arbeidsukene på ungdomskolen. Grunnen til at han sar søkt sommarjobb i Bolaks fleire år seier han er på grunn av at han har stortrivdes i periodane han har arbeida her, og at det er veldig kjekt med sommarjobb så nære heimen. «Kva som er kjekkaste eg har vore med på er ikkje godt å seie, men kvar båttur eg har hatt har vore eit høgdepunkt! I tillegg lika eg meg veldig godt når det er noko so skjer og mykje å gjera!» Martin har planar om å bli kaptein. Han går no på skule for å bli matros, før det blir vidareutdanning til styrmann. Håpet er å få arbeid på båt med arbeid retta mot oppdrettsnæringa, som til dømes brønnbåt, forbåt eller liknande båtar.

Bjørn og Martin er to av årets 18 sommarvikarar i Bolaks. Produksjonskoordinator Magne Gjernes er veldig fornøyd med arbeidet sommarvikarane har gjort i år. «Å legge til rette for sommarjobb er ein god ting både for ungdomen og for Bolaks. Ungdomen får arbeidstrening og anledning til å tene litt pengar, og me får god støtte i arbeidskvardagen og ein fin anledning til å vise mangfaldet av oppgåver oppdrettsnæringa.»

IMG_4439 IMG_4138 IMG_4128

2018-01-24T11:01:49+00:00 12. september 2017|